søndag 10. mai 2009

Kom mai du skjønne milde!

Heisann hoppsann og fallerallera! No kjem sommaren med stormsteg. Eg kjenner at feriesyndromet snik seg innpå meg som aldri før. Men eg har enno både tentamen og eksamen igjen før eg kan byrje å slappe skikkeleg av... Det har seg faktisk slik no at eg har bestått bilteorien no (:D) så då slepp den å liggje i tankane når eksamenstida står føre døra. Ellers så er det ikkje så mykje anna spennande som har skjedd i det siste.

Nett no kjem eg heim i frå sjøen (!). Me har vore ein liten gjeng ute i holmane å grilla i kveld sjølv om kanskje temperaturen ikkje tala heilt for oss. Men koseleg var det no i alle fall =) Så til tross for litt trøblete påhengsmotorar og minusgrader så har i alle fall eg hatt ein fin kveld, litt utanom det vanlege heldigvis.

På musikkfronten er det lite nytt å melde frå om. Har høyrt litt på eit band kalla Ted Leo & The Pharmacists. Dei spelar litt sånn new pop-punk-aktig musikk som låter ganske bra.

Men no er det på tide å få i seg litt søvn (som det har blitt alt for lite av i helga). Så god natt og ikkje dett ut av senga!

lørdag 25. april 2009

Fina vére å flate veien...

Hei og hå! Våren er her og fuglane syng. Tida for å jobbe ute og gjere det reint og fint for sommaren er her. I dag har eg nemlig vore ute og jobba. Blei dratt ut av senga klåkka 11 (etter 4 timars søvn). I dag har arbeidsplassen vore hos bessen. Heile familien Solås har vore med og gjort litt såkalla dugnadsarbeid der. Eg har for det meste brukt høgtrykkspylaren å spylt litt rundt om (og for dei som skulle lure: å høgtrykkspyle er IKKJE kjekt!). 

Men no har eg kome meg heim, og sete meg ned fraføre dataen (noko som eigentleg er ei skam i dette fine véret). Har nett høyrt i gjennom det nye albumet til Melody Club, som dei slepte ut på onsdag. Må innrømme at det var over alle moglege forventningar eg hadde! Vil seie at det er bortimot det beste dei har laga til no. Det var rett og slett ein nytelse frå første til siste sekund! Albumet heiter Goodbye To Romance for dei som lurte, og er eit album som kjem til å kome til mi platesamling så snart økonomien strekk seg til.

Ellers så er planane for resten av dagen å gå på menighetsmøte i Sion klokka 5 og seinare i kveld skal eg i selskap til Merete og Hilde. 

Men då snakkast me så lenge. Au revoir!

tirsdag 21. april 2009

Prioritering... eller ikkje?

Heisann "alle" der ute. Kom over den gode, gamle bloggen med dei to flotte innlegga i. No har det gått over eit år sidan sist, men det er ikkje vits i å grine over sølt mjølk som dei seier.

No sit eg i stillerommet på skulen og ventar på bussen (som går om 38 min). Eg har nett skrive ei dikttolking av diktet "Aust-Vågøy". Eg trur det gjekk ganske bra, men sidan eg tenkjer så positivt over det, går det nok ikkje så bra. For å vere ærleg har norsk dette året blitt kraftig nedprioritert. Dette sidan det ikkje er eit avluttande fag, men av erfaring så kan det godt hende at eg kjem til å merke det til neste år. Men gjort er gjort og hest er hest.

For å oppsummere året 2008 i same slengen, vil eg sei det var eit år som var over før det starta. På nyttårsafta kunne eg hugse den forrige nyttårsafta som om den var i går (eller i allefall for nokre veker si). Det har vore eit år med sine oppturar og nedturar. Hadde ein fortreffeleg sommar med leir, bading, jobb og is. Var temmeleg fint vér mesteparten av den, som førte til ein herleg temperatur i sjøen. Har i tillegg tatt av 10 kg (!) sidan sommaren, men no har det byrja å gå litt tilbake til gamle takter. Men det er enno lenge til sommaren, så du kjem nok til å sjå meg slitande bortover Mosters flotte vegar snart. Men nok om det som var.

For å kome inn på min lidenskap, musikken, så har eg i dei siste byrja å høyre på det britiske boybandet(!) Take That. Eg veit ikkje heilt kva det er som har kome over meg, men det er nå sånn det er. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie om det, anna enn at eg faktisk liker musikken. Har sidan juleferien høyrt mykje på svenske Blindside. Har hatt nokre album av dei liggande på dataen, men har liksom aldri høyrt noko spessielt på dei. Må sei at musikken deira har truffe meg i hjerta. Dei har ein ganske variert musikk i frå rolege songar til harde. Dei har etter mine øyre ein ganske spessiel stil som har falt i smak hjå meg. Då eg for nokre veker sidan fann ut at dei skal spele på Skjærgårds-festivalen har eg for alvor byrja å glede meg til eg skal reise dit i sommar. Kjem ikkje på nokon spessiele eg har høyrt på i det siste no, men det er berre til å spørje om du treng anbefalingar.

Til slutt ein meget trist hendelse: Eg har mista korthaldaren min med all dens innhald! Det vil sei bankkort, busskort, mopedlappen, skule-ID osv. Har leita over alt men ingen spor å finne etter den, så no må eg i gong å få tak i nye kort.

Livet kan vere hardt (som når du mister alle korta dine), men då er det viktig å vere positiv og gjere det beste ut av det du har. Men no går snart bussen, så eg trur det får vere med det.

fredag 21. november 2008

Let it snow, let it snow, let it snow...

Ja. Du les rett. Snøen er komen til Vestlandet, og då er tida inne for forsinka bussar, utalege trafikkulykker osb. Mange personar har blitt ramma som følger av dette, og eg er ikkje eit unntak.

tirsdag 4. mars 2008

Another day goes by

Heisann!

Då var eg tilbake igjen. Ei veke har gått, og livet lever sin gong som alltid. Denne veka føler eg har gått ekstra fort av ein eller annan grunn. Eg har vore og sett musikalen, We will rock you!, som musikklina har sete opp. Den var heilt fantastisk! Eg vart nesten mållaus der eg sat i salen og såg på alle skodespelarane som dansa og sang på scena. Makan til dyktige folk er vanskeleg å finne. Og bandet var jo berre heilt topp. Dei som ikkje fekk denne med seg kan berre angre seg vrang.

Akkuratt no held eg på å laste ned (FYFY!) det nye albumet til The Feeling, Join With Us. Dette albumet har eg gleda meg til ei stund no. Eg har eigentleg ganske så store forventingar til det sidan det første albumet var så fantastisk bra som det var.

Ellers så har eg vore bøsseberar-berar for Jørgen i dag. Eg var med han for å samle inn pengar for kreftforeningen slik at han slapp å gå rundt åleine. Me gjekk å samla i ca. 2 1/2 timar før me måtte levere bøssa frå oss. Bøssa hadde eit veldig vondt handtak som ikkje vart betre å halde då den etterkvart vart tyngre. Og me var ganske kalde på slutten, men me overlevde i dag også.

Og med det tar eg kvelden. God natt til dykk som i det heile tatt tar dykk tid til å lese dette.

søndag 24. februar 2008

Tida flyr...

God kveld og godt nyttår!

No, i skrivande augneblikk, sit eg i senga mi og skriv her. Eg burde eigentleg lese på prøven som eg skal ha i morgon, men no til dags er det mykje kjekkare å sitje på dataen enn å lese ei keisam bok. Så no sit eg altså her.

Vinterferien er over, og skulen ventar. Denne ferien har vel eigentleg vore ganske så slapp frå mi side. Eg har brukt (alt for) mykje av tida til å sjå på TV-serien, Top Gear, som eg lasta ner nokre sesongar av før ferien. Eg og ein gjeng hadde eit lite LAN, som ikkje blei så alt for vellykka, men me hadde det kjekt for det om. Eg har dessutan hatt mørkekjøringsdemostrasjon óg. Der lærte eg ein del nyttige ting når ein skal køyre bil i mørkre. Eg fekk til og med ein refleks der det står Stord Trafikkopplæring på.

Men ein ting eg har lagt merke til er kor fort tida går. Enkelte dagar er omme før eg i det heile tatt har fått den heilt med meg. Og til min gledelege overrasking fann eg ut at det kun er tre veker til neste ferie, nemlig påskeferien. Og etter påskeferien så er det ikkje mange vekene til sommarferien heller. Men eg får bruke tida så godt eg kan. Eg skal forresten søkje meg jobb no har eg funne ut, men kor veit eg ikkje heilt. For det er alltid greit å ha litt kontantar utan å konstant være avhengig av foreldre-enheiten.

Eg, som musikkelskaren eg er, høyrer veldig mykje på musikk. Det går knapt ein dag utan at eg høyrer på musikk. Eg har slike periodar der eg har eit eller nokre få band eg høyrer mykje på. Før ferien høyrte eg veldig mykje på banda Rooney og The Killers. The Killers er vel nokså kjent for dei fleste, mens Rooney er kanskje litt meir ukjent. Dei spelar ein fengande, litt kjapp indierock-sjanger. Songar som When did your heart go missing? og Love me or leave me kan få ein kvar i godt humør. Men i kveld bladde eg nedover artistlista mi og stoppa på Feeder. Eg starta på sangen Just the way I'm feeling, som var øverst på sanglista. Etter nokre songar fann eg ut at eg var komen i ein ny "periode." Dei spelar ein fantastisk bra musikk med alt frå ganske rolige songar til litt harde. Grant Nicholas (vokalisten) har ei flott og sterk stemme som gjer musikk enda betre. Så viss du har gått lei av musikken du har på enten dataen, MP3-spelaren eller i CD-samlinga di, så vil eg anbefale dei banda eg har skreve her på det sterkaste!

Men no trur eg at eg får lese litt på den hersens prøven og få dei knappe fem timane med søvn eg kjem til å få i natt. Men eg tar det med eit smil. Det har vore deiligt med ferie, og no venter tre harde veker med skule. Så eg ønskjer alle ei god natt og takkar for meg.