søndag 24. februar 2008

Tida flyr...

God kveld og godt nyttår!

No, i skrivande augneblikk, sit eg i senga mi og skriv her. Eg burde eigentleg lese på prøven som eg skal ha i morgon, men no til dags er det mykje kjekkare å sitje på dataen enn å lese ei keisam bok. Så no sit eg altså her.

Vinterferien er over, og skulen ventar. Denne ferien har vel eigentleg vore ganske så slapp frå mi side. Eg har brukt (alt for) mykje av tida til å sjå på TV-serien, Top Gear, som eg lasta ner nokre sesongar av før ferien. Eg og ein gjeng hadde eit lite LAN, som ikkje blei så alt for vellykka, men me hadde det kjekt for det om. Eg har dessutan hatt mørkekjøringsdemostrasjon óg. Der lærte eg ein del nyttige ting når ein skal køyre bil i mørkre. Eg fekk til og med ein refleks der det står Stord Trafikkopplæring på.

Men ein ting eg har lagt merke til er kor fort tida går. Enkelte dagar er omme før eg i det heile tatt har fått den heilt med meg. Og til min gledelege overrasking fann eg ut at det kun er tre veker til neste ferie, nemlig påskeferien. Og etter påskeferien så er det ikkje mange vekene til sommarferien heller. Men eg får bruke tida så godt eg kan. Eg skal forresten søkje meg jobb no har eg funne ut, men kor veit eg ikkje heilt. For det er alltid greit å ha litt kontantar utan å konstant være avhengig av foreldre-enheiten.

Eg, som musikkelskaren eg er, høyrer veldig mykje på musikk. Det går knapt ein dag utan at eg høyrer på musikk. Eg har slike periodar der eg har eit eller nokre få band eg høyrer mykje på. Før ferien høyrte eg veldig mykje på banda Rooney og The Killers. The Killers er vel nokså kjent for dei fleste, mens Rooney er kanskje litt meir ukjent. Dei spelar ein fengande, litt kjapp indierock-sjanger. Songar som When did your heart go missing? og Love me or leave me kan få ein kvar i godt humør. Men i kveld bladde eg nedover artistlista mi og stoppa på Feeder. Eg starta på sangen Just the way I'm feeling, som var øverst på sanglista. Etter nokre songar fann eg ut at eg var komen i ein ny "periode." Dei spelar ein fantastisk bra musikk med alt frå ganske rolige songar til litt harde. Grant Nicholas (vokalisten) har ei flott og sterk stemme som gjer musikk enda betre. Så viss du har gått lei av musikken du har på enten dataen, MP3-spelaren eller i CD-samlinga di, så vil eg anbefale dei banda eg har skreve her på det sterkaste!

Men no trur eg at eg får lese litt på den hersens prøven og få dei knappe fem timane med søvn eg kjem til å få i natt. Men eg tar det med eit smil. Det har vore deiligt med ferie, og no venter tre harde veker med skule. Så eg ønskjer alle ei god natt og takkar for meg.

4 kommentarer:

Thomas sa...

Ja, for da blei jo møkje prøve på deg i dag... ^o)

SveinTore sa...

Haha ^^ Allti da :P

Thomas sa...

"sjuk" du...

SveinTore sa...

Ka? Eg va da...