Heisann!
Då var eg tilbake igjen. Ei veke har gått, og livet lever sin gong som alltid. Denne veka føler eg har gått ekstra fort av ein eller annan grunn. Eg har vore og sett musikalen, We will rock you!, som musikklina har sete opp. Den var heilt fantastisk! Eg vart nesten mållaus der eg sat i salen og såg på alle skodespelarane som dansa og sang på scena. Makan til dyktige folk er vanskeleg å finne. Og bandet var jo berre heilt topp. Dei som ikkje fekk denne med seg kan berre angre seg vrang.
Akkuratt no held eg på å laste ned (FYFY!) det nye albumet til The Feeling, Join With Us. Dette albumet har eg gleda meg til ei stund no. Eg har eigentleg ganske så store forventingar til det sidan det første albumet var så fantastisk bra som det var.
Ellers så har eg vore bøsseberar-berar for Jørgen i dag. Eg var med han for å samle inn pengar for kreftforeningen slik at han slapp å gå rundt åleine. Me gjekk å samla i ca. 2 1/2 timar før me måtte levere bøssa frå oss. Bøssa hadde eit veldig vondt handtak som ikkje vart betre å halde då den etterkvart vart tyngre. Og me var ganske kalde på slutten, men me overlevde i dag også.
Og med det tar eg kvelden. God natt til dykk som i det heile tatt tar dykk tid til å lese dette.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar