Heisann "alle" der ute. Kom over den gode, gamle bloggen med dei to flotte innlegga i. No har det gått over eit år sidan sist, men det er ikkje vits i å grine over sølt mjølk som dei seier.
No sit eg i stillerommet på skulen og ventar på bussen (som går om 38 min). Eg har nett skrive ei dikttolking av diktet "Aust-Vågøy". Eg trur det gjekk ganske bra, men sidan eg tenkjer så positivt over det, går det nok ikkje så bra. For å vere ærleg har norsk dette året blitt kraftig nedprioritert. Dette sidan det ikkje er eit avluttande fag, men av erfaring så kan det godt hende at eg kjem til å merke det til neste år. Men gjort er gjort og hest er hest.
For å oppsummere året 2008 i same slengen, vil eg sei det var eit år som var over før det starta. På nyttårsafta kunne eg hugse den forrige nyttårsafta som om den var i går (eller i allefall for nokre veker si). Det har vore eit år med sine oppturar og nedturar. Hadde ein fortreffeleg sommar med leir, bading, jobb og is. Var temmeleg fint vér mesteparten av den, som førte til ein herleg temperatur i sjøen. Har i tillegg tatt av 10 kg (!) sidan sommaren, men no har det byrja å gå litt tilbake til gamle takter. Men det er enno lenge til sommaren, så du kjem nok til å sjå meg slitande bortover Mosters flotte vegar snart. Men nok om det som var.
For å kome inn på min lidenskap, musikken, så har eg i dei siste byrja å høyre på det britiske boybandet(!)
Take That. Eg veit ikkje heilt kva det er som har kome over meg, men det er nå sånn det er. Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie om det, anna enn at eg faktisk liker musikken. Har sidan juleferien høyrt mykje på svenske
Blindside. Har hatt nokre album av dei liggande på dataen, men har liksom aldri høyrt noko spessielt på dei. Må sei at musikken deira har truffe meg i hjerta. Dei har ein ganske variert musikk i frå rolege songar til harde. Dei har etter mine øyre ein ganske spessiel stil som har falt i smak hjå meg. Då eg for nokre veker sidan fann ut at dei skal spele på Skjærgårds-festivalen har eg for alvor byrja å glede meg til eg skal reise dit i sommar. Kjem ikkje på nokon spessiele eg har høyrt på i det siste no, men det er berre til å spørje om du treng anbefalingar.
Til slutt ein meget trist hendelse: Eg har mista korthaldaren min med all dens innhald! Det vil sei bankkort, busskort, mopedlappen, skule-ID osv. Har leita over alt men ingen spor å finne etter den, så no må eg i gong å få tak i nye kort.
Livet kan vere hardt (som når du mister alle korta dine), men då er det viktig å vere positiv og gjere det beste ut av det du har. Men no går snart bussen, så eg trur det får vere med det.