søndag 10. mai 2009

Kom mai du skjønne milde!

Heisann hoppsann og fallerallera! No kjem sommaren med stormsteg. Eg kjenner at feriesyndromet snik seg innpå meg som aldri før. Men eg har enno både tentamen og eksamen igjen før eg kan byrje å slappe skikkeleg av... Det har seg faktisk slik no at eg har bestått bilteorien no (:D) så då slepp den å liggje i tankane når eksamenstida står føre døra. Ellers så er det ikkje så mykje anna spennande som har skjedd i det siste.

Nett no kjem eg heim i frå sjøen (!). Me har vore ein liten gjeng ute i holmane å grilla i kveld sjølv om kanskje temperaturen ikkje tala heilt for oss. Men koseleg var det no i alle fall =) Så til tross for litt trøblete påhengsmotorar og minusgrader så har i alle fall eg hatt ein fin kveld, litt utanom det vanlege heldigvis.

På musikkfronten er det lite nytt å melde frå om. Har høyrt litt på eit band kalla Ted Leo & The Pharmacists. Dei spelar litt sånn new pop-punk-aktig musikk som låter ganske bra.

Men no er det på tide å få i seg litt søvn (som det har blitt alt for lite av i helga). Så god natt og ikkje dett ut av senga!